Meny:

Nytt:

21. Feb., 2007:
Ny artikkel utlagt i dag.
Livet mitt, Historie om ein ung homse som rømde bygda i ung alder og som komm inn i rusmiljøet i Oslo.

27. Nov., 2006:
Ny artikkel utlagt i dag. Ei rekke spørsmål om det å ha sex mellom homsa

14. Nov, 2006:
Ein artikkel om forskjellige symbol som vert brukt av homofile menn.

14. Nov, 2006:
Ein artikkel om forskjellige symbol som vert brukt av homofile.

10. juni, 2007:
Si ja. Hva er felles ekteskapslov

Les meir...

Symbol for homofile.

Pride symbol - symbol for byrgskap. Homsar har dei siste tiåra brukt ein del symbol for å kunne skilja seg frå heteroseksuelle og til dels for å utrykkja byrgskap. Dei mest kjende symbola er nok ein øyrering i høgre øyra og den fiolette trekanten og regnbogeflagget - som i praksis kun består av seks av regnbogens fargar.

Fiolett trekant Den fiolette trekanten
Den fiolette trekanten stammer frå 1930 åra, og det er kun dei færraste, som i dag forbitt den opprinnelsen til den. Då Hitler kom til makta, vart det forbode for homoseksuelle menn å kysse, omfamne kvarandre, også det å ha homoseksuelle fantasiar var forbode. Men det var ikkje nokon lov som forbaud lesbiske forhold. Under den andre verdskrig blei mange kriminelle i samhøve til tysk lov sendt i konsentrasjonsleir, der dei måtte bere ein farga trekant., som symboliserte kva forbrytelse dei hadde gjort. Derfor skulle politiske fangar bera ein raud trekant, alminnelege kriminelle ein grøn trekant. Jødane skulle bere to gule trekantar, som til saman utgjorde ei Davidsstjerne. Homofile menn skulle bere ein fiolett trekant.

Fargen på trekanten var med å bestemme rangorden mellom fangane og homofile menn var legst på rangstigen - kun dei jødiske homsane var lægre. Dei jødiske homsane bar ein gul og ein fiolett trekant. Homsane leid overlast både frå fangevaktarane og frå dei andre fangane. Det er ingen som veit kor mange homofile menn som omkom i leirane, men det er kanskje tale om tusenvis. Dei som overlevde blei ikkje sett fri, då dei allierte vann krigen. Den tyske lov mot homofile menn vart fastholt heilt fram til 1969, då vart dei siste homoseksuelle fangar sette fri, 24 år etter krigens slutt. Ein har sidan teke opp igjen bruken av den fiolette trekanten til minne om dei mange som vart myrda, og i dag bruker ein del homofile organisasjonar denne som symbol. I Noreg brukte Homofil Bevegelse den som symbol for seg. Den fiolette trekanten er på mange måtar blitt synonym med homoseksualitet i dag.

Regnbogeflagget Regnbogeflagget
Regnbogeflagget inneheld seks fargar: raud, oransje, gul, grøn, blå og fiolett. Det var Gilbert Baker som i 1978 laga det første regnbogeflagget. Han brukte det i San Francisco Gay and Lesbian Pride Parade, og då hadde det åtte fargar. Baker laga det første flagget sjølv ved å farga tøyet. Men då ein fabrikk skulle laga flatt til paraden året etter fann ein ikkje den rette nyansen av lyseraud. Derfor vart flagget laga til med sju fargar. Men då ein seinare skulle bruke flagget i ein protestmarsj, valte ein å fjerna enno ein farge, indigo, for kunne dekorera gata med tre fargar på den eine sida og tre på den motsette sida. Baker gav sjølv fyljande tyding av dei forskjellige fargane.

Livet

Helse

Solen

Natur

Kunst

Ånd


Enkelte gonger ser ein flagg men ein ekstra svart stripe fôrkant. Det skal minna oss om dei mange, som er døde av AIDS. Ein amerikansk Vietnam veteran som døde av Aids, har foreslått at når AIDS kan helast skal ein samla i hop dei svarte stripene og brenna dei i ein seremoni.

mannsymbol Dobbelte mann symbol
Fleire og fleire plassar ser ein dei to mann symbola, symboliserar homoseksualitet. Symbola stammar i frå grekaranes symbol for Mars - krigsguden som også var symbol på maskulinitet. Og i 1970-åra byrja homsane å kopla to mann symbol saman. Symbolet finner i mange variantar og blir brukt å symbolisera alt frå biseksuelle til transseksuelle.

Lærhomsane sitt flagg Lærhomsane sitt flagg
Også lær homsane har sitt eige flagg. Lærhomsane er ein beskriving, som oftast omfattar så vel homsar, som tender på lær, demin, uniformer, gummi som bondage og sadomasochisme, og ikkje kun lær som ein kunne forventa. Også andre homsar med andre fetisher nyttar seg av dette flagget. I motsetning til dei andre flagga blir dette flagget også nytta av heteroseksuelle med tilsvarande fetisher.
Det var kunstnaren Tony DeBlase, som laga til flagget, og det vart brukt første gong den 28. mai 1989 i samband med kåringa av "the Chicago Mr. Leather". Flagget er å sjå ved enkelte arrangement i Norden også.

Bjørnens flagg Bjørnens flagg
Også bjørnane har sitt eige flagg.
Bjørn er ein betegnelse for homsar, som er - og som tender på - men med mykje hår på kroppen. Dei har også ein tendens til å vera både overvektige og eldre. Flagget dukka første gongen opp i Seattle på ein bar for bjørnar, med namnet Spags. Den lyseblå stripa symboliserar himmelen, mens den grøne symboliserar jorda. Dei tre fargane i mellom - kvitt, brunt og svart - er fargane på dei tre typane av bjørnar som finnes. Isbjørn, brun bjørn og svart bjørn. Poteavtrykket er gult som sola.
Bjørnens flaggBjørnane har også eit alternativt flagg med sju striper og eit svart poteavtrykk. Kva som symbolikk som ligg til grunn her, har ein ikkje funne noko kilde til. Nokre av fargane kan kanskje ha noko med fargane på bjørnane å gjera?

Andre symbol
Det finnes andre symbol enn desse, men anvendelsen og utbredelesen av dei endrar seg med tida. I byrjinga av der 20 århundra vart asiatiske Yin og Yang symbolet sett i samband med homoseksualitet. Og dei så velkjende røde sløyfene, som no settes i samband med AIDS.
Har også vore nytta som kjenneteikn som homse.
Dei aller fleste av dei viste symbola stammar rå USA og alle frå perioden frå Stonwall opprøret i 1968. Mange av symbola vert variert og kombinert for å utrykke noko bestemdt. Men det symbolet som er mest brukt opp gjennom åra er nok regnbogeflagget, som ein ser i dag på alle stader som det er homofile eller arrangement for homofile. Ein kan verta overraska om ein byrjar å leite etter symbola i bybilde. Ein del firma bruker t.d. regnbogeflagget - fargane i sine logoar, som til dømes rainbow hotels.

--------------------

Denne artikkelen er skrive av Mikael Boe Larsen og oversatt frå dansk av redaksjonen i bygdeskeiv. Orginalt finnes den på det danske nettstaden Spring ud. Artikkelen er publisert på sogneskeiv.com med tilladelse frå forfattaren.