Meny:

Nytt:

27. Nov., 2006:
Ny artikkel utlagt i dag. Ei rekke spørsmål om det å ha sex mellom homsa

14. Nov, 2006:
Ein artikkel om forskjellige symbol som vert brukt av homofile.

14. Nov, 2006:
Ein artikkel om forskjellige symbol som vert brukt av homofile.

Les meir...

Homsesex

Viss du trudde at du ville finna bilde her, må vi nok skuffa deg. Eg har til gjengjeld fått ein del spørsmål frå heteroseksuelle, om korleis homsane har sex,. Skal gjera mitt beste for å svara fornuftig på dei her. Mang ein gong har eg måtte dra på smilebandet over ein del spørsmål som eg har fått. Under her kan du lesa ein del av spørsmåla eg har fått (dei er alle autentiske) og dei svare eg har gjeve.

Likar alle homsane analsex?
Det veit eg sjølvsagt ikkje, men ein uformell undersøking har vist, at ca 80% har det. Så det er ein del som ikkje liker det også. Viss ein liker analsex, så er det nokon som er "aktiv", "passiv" eller begge delane. Det er ein del som ikkje likar å vera passiv, dei fleste likar best å vera aktiv. Nokre likar kun å vera passiv, sidan dei føler at det er best for dei.

Gjer det ikkje vondt då?
Meget skjedan. Det kan sjølvsagt gjera det, men det er eit spørsmål om teknikk - og til dels storleiken…………. Svart på spørsmålet må verte: Tvert imot.

Kan ein få orgasme av analsex?
Ja, det kan ein faktisk, men det skjer ikkje så ofte. Ein kvar muskel kan faktisk stimulerast så lenge, at ein får orgasme av det, og ved analsex vert prostata stimulert som kan føre til orgasme (som regel). Prostata vert ofte kalla "mannens g-punkt", og den set ein fingerlengd oppe i endetarmen (sjå teikning).

Tverrsnitt

Kva brukar ein når ein har analsex?
Som regel kondom og massevis av glidekrem. Glidekremen skal vera vatnbassert (av hennsyn til kondomet) og kan kjøpast på t.d. apotek, hvor det gerne kaldes explorationscreme. Du får også kjøpr glidekrem i kondomeri o.l.

Er det rett at homsane har større…….?
I fylje statistikken: Ja! Men kva er "stor"? Har du sjølv målt? (Eit spørsmål som ingen har vert villig å svara bekreftande på…. Statistikken som eg refererer til, er offentleggjort i Bogaert, A. F., & Hershberger, S. (1999), "The relation between sexual orientation and penile size", Archives of Sexual Behavior, 28, 213-221.)

Kva er best: Sex med ei kvinne eller ein mann?
(Etter at sjokket over den manglande fortsådinga for, kva homoseksualitet eigentleg er, har lagt seg.) Svaret gjev seg av seg sjølv. Ein tenner på og forelskar seg i menn, så sjølvsagt er sex med menn betre. Reint fysisk er det eigentleg ikkje den store forskjellen, men eg trur at menn er betre til å stimulera menn, fordi ein kjenner stimulansane frå seg sjølv.)

Kven er mann og kven er kone i eit forhold?
Det er IKKJE ein mann og ei kone i eit homse forhold - vi er menn, som forelskar oss i menn. Spør du om det seksuelle eller om arbeidsfordelinga i heimen? Uansett får du det same svaret: Det er to menn.

Er det farlig å bli tatt i rumpa av ein annan gut?
Nei, det er ikkje farlig, så sant dere tar nokre forholdsregler. For det første er slimhinna i endetarmen og urinrøret veldig mottakelig for smitte, så det er lurt å bruka kondom. Det er også lurt å bruke glidemiddel, så ikkje lukkemuskelen og slimhinna her blir skadd med sprekker og sår. Det tredje dere må gjøre, er å bruke god tid - ikkje presse noe inn om ikkje muskelen slappa helt av - då aukar sjansen for sår og sprekker ein god del.

--------------------

Denne artikkelen er skrive av Mikael Boe Larsen og oversatt frå dansk av redaksjonen i bygdeskeiv. Orginalt finnes den på det danske nettstaden Spring ud. Artikkelen er publisert på sogneskeiv.com med tilladelse frå forfattaren.